Reiselivsnæringa håper fleire legg ferien til Noreg

Bryggen i Bergen før utanlandske statsborgarar vart bedne om å reise heim, butikkar stengde og folk vart bedne om å halde seg heime som følgje av koronaepidemien. Reiselivsnæringa håper koronakrisa fører til at folk reiser meir i eige land.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyheiter

Når det blir mogleg å dra på ferie igjen, håper den hardt økonomisk ramma reiselivsnæringa at fleire nordmenn vel å feriere i eige land.

– Vi treng at vi som bur i Noreg hjelpar og støttar der dei bur ved å gå på konsert og ta seg ei natt på hotell, seier reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, til Bergens Tidende.

Om det blir mogleg å dra på ferie til sommaren, er det ingen som veit. Ei undersøking Respons Analyse har gjort for Bergens Tidende viser at over 60 prosent av dei spurde bergensarane har endra eller vil endre ferieplanane sine.

– Eg skjønner godt at folk svarer sånn. Folk veit ikkje om dei får reise til sommaren. Og viss dei dreg, så veit dei ikkje kor langt dei kan dra. Då kjøper ikkje folk dyre turar til utlandet, seier Nyland til avisa.

I fjor hadde Bergen 2,2 millionar gjestedøgn. Utanlandske gjester dekte opp nærare 1,6 millionar av dei.

Styreleiar Terje Hansen i NHO Reiseliv Vest-Noreg seier at han trur det blir vanskeleg å erstatte alle utanlandske gjestedøgn med norske.

– Men eg trur at dette kan føre til at folk reiser meir i sitt eige land, seier Hansen til BT.