Folkehelseinstituttet:

- Meld frå ved mistanke om koronavirus

Forlkehelseinstituttet ber folk om å melde frå ved mistanke om koronavirus.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Folkehelseinstituttet har laga eit skjema der du kan melde frå sjølv om du har mistanke om koronavirus. Dersom du har hatt symptom dei siste sju dagane som kan skuldast koronaviruset ønsker Folkehelseinstituttet at du nyttar skjemaet.

– Du kan melde frå på vegner av deg sjølv, ditt barn under 16 år, eller for ein som har gitt deg fullmakt på Helsenorge. Du får ikkje kontakt med lege eller helsevesen, og du får ikkje varsla personar du har vore nær gjennom denne løysinga. Men du hjelper Folkehelseinstituttet med å kartlegge kor mange som kan vere sjuke med koronavirus i Norge, skriv FHI.

Folkehelseinstituttet opplyser at ved å melde frå hjelper du dei i å kartlegge kor mange som kan vere sjuke etter koronasmitte i Noreg. FHI publiserer tal, som også vil inkludere svar frå sjølvinnmeldingar, på fhi.no framover. Dei skriv og at opplysningane kan vere aktuelle for framtidig forsking.

Skjemaet finn du her.