Fleire gir tilbod om heimelevering

– Mange har ikkje moglegheit til å gå på butikken

Torbjørn Slettedal og Mats Riise klar til å køyre ut bestillingar til kundar.  Foto: Privat

Nyheiter

Etter at det har blitt innført strengare restriksjonar for å hindre smitte av koronaviruset har fleire fått ei utfordring med å handle mat. På Facebook er det fleire grupper der folk kan spørje om hjelp til handling og levering av matvarer, og frivillige stiller opp. Fleire av daglegvarebutikkane i Ørsta kommune har og eit tilbod om heimelevering av varer. Joker på Sæbø er ein av butikkane som har dette tilbodet året rundt, men det har blitt litt større pågang frå kundar den siste veka.