Slik blir rutetilbodet på Hovden

Ørsta-Volda lufthamn er ein av flyplassane som framleis er open.  Foto: Janne-Marit Myklebust/Arkiv

Nyheiter

Samferdselsdepartementet har inngått avtalar med SAS, Widerøe og Norwegian om eit minimumstilbod for flyruter som skal haldast oppe.

Det kommersielle grunnlaget for ein stor del av norsk passasjertrafikk har falle bort under koronautbrotet.

Avtalen inneber mellom anna at det skal vere minimum seks daglege rundturar mellom Oslo og Trondheim, fem daglege rundturar mellom Oslo og høvesvis Stavanger og Bergen.

I tillegg blir ruter mellom Oslo og Kristiansand, Haugesund, Ålesund, Molde, Kristiansund, Bodø, Evenes, Bardufoss og Tromsø omfatta, og dessutan flygingar frå Tromsø til Longyearbyen og enkelte ruter mellom Trondheim, Bergen, Stavanger, Tromsø og Bodø.

Dessutan gjeld avtalen 14 rundturar per veke med Dash 8-fly, hovudsakleg frå Tromsø til byar i Finnmark, men også flygingar frå Oslo og Bergen til Florø og Ørsta/Volda. Og dessutan mellom Kristiansand og Bergen.


Avinor stengjer ni lufthamner - ikkje Hovden førebels

Avinor stengjer ni lufthamner for kommersiell trafikk. Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, er ikkje mellom desse.


– Velfungerande flyruter er viktige for næringslivet og fleire samfunnsfunksjonar, som eksempelvis helse- og pasienttransport. Avtalane vi no har gått inn, gir eit minimumstilbod for strekningar som det blir sett på som samfunnskritisk å halde oppe, og der det mellombels ikkje er grunnlag for kommersiell drift, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF)