Forbod mot opphald på fritidseigedom i annan kommune enn heimkommunen:

- Handsamar ikkje dispensasjonar

Illustrasjonsfoto.  Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK / NPK

Nyheiter

Stortinget har vedteke at det er forbod mot opphald på fritidseigedom i annan kommune enn heimkommunen.

Regelen seier:

«Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.»

Ørsta kommune opplyser at dispensasjonar ikkje vert handsama.

- Det er ikkje mogleg å gje dispensasjon frå regelen. Dette er avklart med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og nasjonale myndigheiter. Ørsta kommune handsamar difor ikkje førespurnadar om dispensasjon frå regelen. Dette gjeld uavhengig av kva grunnlag ein har for søkje unntak, heiter det på kommunen si heimeside

- Regelen gjeld uansett type fritidseigedom, og dermed all eigedom utover folkeregistrert adresse.

- Det er lov til å opphalde seg på fritidseigedom dersom ein reiser til den og tilbake til eiga heimkommune same dag. Ein kan dermed ta ein dagstur til fritidseigedomen sin..

- Det er lov til å overnatte på fritidseigedomen dersom person(ar) i husstanden din er stadfesta smitta av koronavirus, så lenge den/dei smitta skal opphald seg i isolering.

- Framtidige søknadar om dispensasjon frå forskrifta § 5 vil verte svara ut med lenkje til desse opplysningane.