Ber om likelydane karantenevilkår

Fylkesmann Rigmor Brøste.  Foto: Marius Myklebust

Nyheiter

18 av 26 kommunar i Møre og Romsdal har gjort karantenevedtak etter smittevernlova. No ber Fylkesmannen alle kommunane om gjere liklydane vedtak. Dette skjer etter at Justisdepartementet har gitt Fylkesmennene i oppdrag å samordne kommunane sine karantenevilkår.

– Fylkesmannen ber alle 26 kommunar i Møre og Romsdal om å fatte likelydande vedtak etter smittevernlova § 4–1 bokstav d, i sju dagar. Fylkesmannen legg til grunn ei heilskapleg risikovurdering av koronasituasjonen i Møre og Romsdal når vi kjem med denne tilrådinga til kommunane våre., heiter det i ei pressemelding.

Fylkesmannen tilrår at kommunale vedtak i størst mogleg grad vert utforma likelydande. Det er ei forventning om:

  • Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem frå fylka; Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland
  • Vedtaket må sikre at personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar er unnateke krav om karantene, vi viser her til DSB sin liste over samfunnskritiske funksjonar
  • Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene
  • Vedtaka sikrar at innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt over
  • Kommunane i vedtaksperioden set i gang/intensiverer andre førebyggande tiltak.

Kommunen har vedtaksrett, og har mynde og ansvar for å fatte lokale vedtak.

– Eg vil nytte høve til å takke for den formidable innsatsen som vert lagt ned i kommunane, blant beredskapsaktørane, og den einskilde innbyggar i denne vanskelege tida vi no er inne i. Her vil eg særleg nemne helsepersonell som opplev ei særdeles krevjande tid no, seier Fylkesmann Rigmor Brøste som understrekar at det framleis er behov for å avgrense smitte til fylket, og intensivere andre førebyggjande tiltak.