Leiar i lokal krisestab Knut Nautvik

- Volda-sjukehuset er godt budd på mange fleire korona-pasientar

Knut Nautvik er leiar i lokal krisestab på Volda sjukehus.  Foto: Arkivfoto Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten

Nyheiter

- Torsdag fekk vi får første korona-pasient, og vi er godt budde på fleire. Vi har sett av 11 sengeplassar på medisinsk avdeling, og kan oppjustere til tjue når situasjonen eskalerer.

Det seier Knut Nautvik, som er leiar i lokal krisestab ved Volda sjukehus.

- Du seier når det eskalerer?

- Ja, eg seier når, og ikkje viss. For det reknar vi med at det gjer. At vi får fleire koronapasientar til sjukehuset.

Det var torsdag at ein korona-smitta pasient vart innlagt ved sjukehuset i Volda. Pasienten har vore sjuk ei tid etter å ha kome heim frå Austerrike 7. mars.

Volda sjukehus bur seg på fleire korona-pasientar.  Foto: Svein Aam

- Pasienten ligg på einerom på medisinsk avdeling, og vi har vanleg smitteregime. Det vil seie at det er ei sluse inn til rommet, og legar og sjukepleiarar som er inne hos pasienten har på seg munnbind, hanskar, frakk og så vidare – same bekledning som dei som tek testar.

Ein fjerdedel av medisinsk avdeling er sett av til koronasmitta – inntil vidare med plass til elleve pasientar. Dette kan oppjusterast til tjue om det vert behov for det.

Sjukehuset har sett på vent planlagt behandling som kan vente, og pasienttalet på sjukehuset er difor lavare enn vanleg. Kreftpasientar, dialysepasientar og dei som elles treng augeblikkeleg hjelp får det.

- Om situasjonen krev det, kan tilsette på sjukehuset bli midlertidig omplasserte til å jobbe med koronapasientar.

Ein fjerdedel av medisinsk avdeling på Volda sjukehus er sett av til korona-avdeling.  Foto: Svein Aam

- Har de kapasitet til så mange som tjue koronapasientar?

-Det vert krevjande, men det skal vi ha kapasitet til ja.

- Uttrykkjer andre pasientar redsel over at det no er ein koronapasient på sjukehuset, og truleg vil bli fleire?

- Det veit eg eigentleg ikkje, men eg går ut frå at dei har registrert det gjennom avisene. Generelt trur eg det rår ei årvåken og spent stemning blant både tilsette og pasientar. Og vi har altså eit strengt smitteregime, understrekar Nautvik.

Helse Møre og Romsdal melder fredag morgon at Ålesund sjukehus har fått sin andre pasient som er innlagt med koronasmitte.