Ventar på 41 prøvesvar

- Vi har gjennomført fleire tiltak for å ruste troppene våre for ei tøff tid

Ørsta kommune ventar på 41 prøvesvar fredag.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

I Ørsta kommune har det blitt tatt 87 prøver for koronaviruset denne veka. Av desse prøvene har det kome 46 svar og alle er negative.

– Vi ventar difor på vel 41 prøvesvar i det vi går inn i helga, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Fire personar i Ørsta kommune har fått påvist koronasmitte.

– Sjølv om vi får så mange negative prøvesvar må vi likevel vere førebudde på at det kan kome fleire positive prøver, enn dei 4 som har kome hittil. Indikasjon for testing er strenge, noko som gjer at få blir testa.



Volda og Ørsta kommunar samarbeider om transport av prøver til Molde for analyse.

– Ny transportløysing for prøvene våre har vore med på å auke effektiviteten på prosessen frå prøvetaking til prøvesvar. Torsdag 19. mars innførte vi eit samarbeid med Volda kommune, der ein eigen sjåfør køyrer prøvene direkte til Molde, der testsenteret ligg. På denne måten sikrar vi at prøvene kjem fram til testing så raskt som mogleg.

Ørsta kommune legg stor vekt på å følgje råd og retningsliner frå sentralt hald og samordne seg med fylkesmannen og nabokommunane.

– I tillegg har vi gjennomført fleire tiltak for å ruste troppane våre for ei tøff tid. For å redusere smitterisikoen er det mange som jobbar heimanfrå og dei som er på jobb held avstand og er delt opp slik at eventuelle smittetilfelle skal gjere minst mogleg skade. Dette fører naturleg nok til at den samla kapasiteten vår er redusert. Kommunen har relativt god kontroll på situasjonen slik den er i dag takka vere mange dyktige og ikkje minst engasjerte medarbeidarar. Vi er svært takksame for at så mange har meldt seg til innsats både innan helsearbeid og anna. Alt er registrert og vi vil ta desse ekstra ressursane i bruk etter behov. – Tusen takk!



Kommunen oppmodar innbyggjarane om å følgje retningslinene frå nasjonale helsemyndigheiter.

-Vi alle, både innbyggjar og tilsette i Ørsta kommune må hugse å tenke avstand og handhygiene, både på jobb og heime. Vi oppmodar om å ikkje oppsøke sosiale samkomer, men halde seg minst mogleg i lag med andre i denne perioden. Ta heller strikkeklubben over video, slå på same film samstundes i kvar dykkar heim eller kaffipraten over telefon, her gjeld det å bruke kreativiteten. Til slutt vil vi takke innbyggjarane våre for tolmodet og for at de er med på denne felles dugnaden.