Informerer Noreg om korona - frå Ørsta

- Stor pågang av telefonar

Helge Gravvold er klar til å svare på spørsmål frå heile landet om koronaviruset.  Foto: Privat

Nyheiter

Pågangen til den nasjonale informasjonstelefonen for koronaviruset har vore stor. På dei ti første dagane kom det inn rundt 70.000 telefonar, mellom 6.000 til 12.000 telefonar om dagen. Sist helg kom det i snitt 6.000 telefonar om dagen.

Helfo i Tønsberg har fått ansvaret for informasjonstelefonen. Grunna pågangen har dei tilsette på Helfo sitt kontor i Ørsta også blitt kopla på informasjonstenesta, saman med kontoret i Fredrikstad.

– Vi er vande med å ha rettleiing på andre ting og er kjende med dette arbeidet. Difor bidreg vi også i dette arbeidet. No svarar vi på telefonar som kjem inn på dagtid, om kvelden og i helgene, seier avdelingsdirektør Kari Melle.

Informasjonstelefonen for koronaviruset er eit tiltak frå Folkehelseinstituttet. Dei som ikkje finn svar på spørsmåla sine på Folkehelseinstituttet sine heimesider vert oppmoda om å ta kontakt på informasjonstelefonen. Det vert ikkje gitt medisinske råd, men generelle råd til dei som tek kontakt.

Sunniva Bolseth er ein av rettleiarane på Helfo sitt kontor i Ørsta som no svarer den nasjonale informasjonstelefonen for koronaviruset.  Foto: Privat

Dei tilsette i Ørsta arbeider turnus og bemannar telefontenesta. Nasjonalt er det opptil tjuefem medarbeidarar i kvart skift, men det vert opplyst at sjølv med god bemanning vil det tidvis vere kø og ventetid. Spesielt dei første dagane var pågangen svært stor, men no har det roa seg litt.

– I Ørsta det 15–16 rettleiarar som til no har vore på informasjonstelefonen. Vi kjem til å halde fram med dette arbeidet så lenge det er behov, seier Melle.