Legg ned butikkane

"Det er med tungt hjarte at eg har valgt å melde oppbod"

Sissel Andenes må gi opp butikkdrifta.  Foto: Rune Sæbønes/arkiv

Nyheiter

Butikkane til Sissel Blomster blir lagt ned. Drivar og eigar Sissel Andenes skreiv dette på Facebook-sida til Sissel Blomster torsdag kveld:

"Kjære alle våre gode kundar og venner gjennom 25 år. Det er med tungt hjarte i dag eg har valgt å melde oppbud på mine butikkar. Vi har alle blitt råka hardt no, og vi står alle i store utfordringar framover. Vi gledde oss til å feire 25 år med blomster i april, men slik skulle det ikkje bli... Det som no har råka oss, i tillegg til at tidene frå før har vore tøffe.., skal noko til å stå i. Vi vil sakne dokke alle, og håper alle er friske. Liv og helse og familiene våre er det viktigaste no. Tusen takk for alle som har brukt oss på blomster i 25 år.., og tusen takk til alle som har funne mykje fint hos Sissel design. Stå dokke godt alle saman.., og så røyser vi oss opp att ilag etter corona. Glad i dokke alle. Varm klem frå Sissel ."

Det var mørkt i lokala til Sissel Design på Ørsta Torg fredag.  Foto: Rune Sæbønes


Ho var tidleg ute med å varsle at nedstenginga av samfunnent på grunn av korona-trusselen ville råke dei hardt.

Måndag sa ho til Møre-Nytt:

Sissel Blomster er konkurs.  Foto: Rune Sæbønes


– Dette er svært alvorleg for meg, og fleire andre som driv butikk, veit eg. Liv og helse er sjølvsagt viktigast, og eg forstår alle restriksjonane. Ingen ønskjer at nokon skal verte sjuke. Midt i dette er vi også mange som kjempar for arbeidsplassane våre. Eg er uroa for mine tilsette, for eg trur ikkje at eg vil klare å halde ope mykje lenger.