Midt i koronakrisa opplever Mari oppgang i salet

Sjølv om koronaviruset har sett ein bråstopp for mange butikkar, er det ikkje slik for alle.

Trafikk: Butikksjef Mari Heggdal Skare opplever i motsetnad til andre butikkar ein auke i omsetninga. Salet av spel, aktivitetsbøker og andre bøker er merkbar for Norli-butikken på Alti. Her syner Skare noko av det som er populært. 

Akkurat no er omsetninga om lag null, likevel gjeld det å tenke positivt

Nyheiter

Det er heller ikkje slik at butikkdrivarane jamt over går med svarte sørgeband for dårlege tider. I alle fall ikkje på bokhandelen Norli på Alti-senteret. Butikksjef Mari Heggdal Skare kan nemleg fortelje om ein oppsving i salet. Og mange oppsøkjer bokhandelen for aktivitetsbøker, puslespel, vanlege spel og diverse bøker.