Koronsmitta pasient innlagt ved Volda sjukehus

Ein pasient som er smitta av koronaviruset er innlagt ved Volda sjukehus.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Torsdag vart ein pasient som er smitta av koronaviruset innlagt ved sjukehuset i Volda. Det opplyser Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Pasienten har vore sjuk over ei tid og tilsette ved sjukehuset var derfor godt førebudde på å ta i mot pasienten. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Volda sjukehus har vore eksponert for smitte.

– Vi har følgt våre smittevernprosedyrer og har gode planar for korleis vi skal ta imot pasientar som er smitta med korona. Pasienten ligg i ein skjerma del av sjukehuset (kohortavdelinga) i isolasjon. Tilstanden er stabil, seier Palma Hånes, klinikksjef ved Volda sjukehus i pressemeldinga.

Personen som er innlagd kom heim frå ferie i Austerrike 7. mars og har vore i heimekarantene sidan då.




– Det er viktig med restriksjonar hos legesenteret

– Vi har nok legeressursar per i dag. Samstundes er det viktig at vi har restriksjonar ved legesenteret, slik at vi unngår at legar vert smitta.





Første smittetilfellet i Volda

- Koronaviruset er no påvist i Volda