Første smittetilfellet i Volda

- Koronaviruset er no påvist i Volda

Koronatesting ved Volda ungdomsskule torsdag.   Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ein person er smitta av korona i Volda kommune.

- Vedkomande har vorte smitta innanlands. Helsetenesta lokaliserer kontaktpersonar til den smitta og gjer tiltak for å unngå smittespreiing. Ein må likevel vere budd på at smitta er i lokalsamfunnet. Det er ein uoversiktleg situasjon på landsbasis da viruset er smittsamt, og at mange kan ha det utan å kjenne særlege symptom, opplyser Volda kommune i ei pressemelding.

Fram til i går var i alt 81 voldingar korona-testa, og fleire har blitt testa i dag. Testane som vert gjort i Volda vert sendt til Molde for analysering. Det tek to dagar å få fram resultata.

På grunn av manglande kapasitet til å gjennomføre testing og analysering av testane, har Folkehelsedirektoratet sett avgrensingar i kven som skal testast.

Volda kommune takkar for at folk viser omsyn og ikkje tek kontakt med legetenesta om ting som kan vente. Ingen må møte opp på teststasjonen eller nokon av legekontora utan avtale på førehand. Legekontora brukar videokonsultasjonar og telefonar for å hjelpe. Dei som treng særskilt hjelp får kome til legetime etter avtale. Volda og Ørsta sitt legevaktsamarbeid på kveld og helg er styrka, slik at det er to legar på vakt.

Har du spørsmål om korona kan du ringje kommunen sin informasjonstelefon på 970 11 773 mellom klokka 11.00 og 15.00 kvardagar. Nasjonal hjelpetelefon om koronaviruset: 815 55 015