Vil hindre smittefare med eigen legevaktbil

Kom til nytte på første vakta

Nattlegevaktsjef Jørn Kippersund og seksjonsleiar Volda ambulanse Erlend Bae klare for den første vakta på legebilen på Søre Sunnmøre.  Foto: Helse Møre og Romsdal

Nyheiter

Prehospital klinikk i Helse Møre og Romsdal har i samarbeid med Nattlegevakta for Søre Sunnmøre, i tillegg til Volda og Ørsta kommuner, sett i gang eit prosjekt med legevakt-/akuttbil på Søre Sunnmøre. I første omgang er dette eit prøveprosjekt ut mars månad.

Det opplyser Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Målet med prosjektet er: Unngå at potensielle smittepasientar kjem til legevaktlokala. Tidleg avklaring i forhold til sjukehusinnlegging, få legen ut til pasient. Redusert bruk av ambulanse og såleis auka beredskap. Tryggheitskapande tiltak overfor befolkninga.

Bilen blir stasjonert ved ambulansestasjonen i Hovdebygda, og blir i første omgang bemanna med personell frå Volda ambulansestasjon og legevaktlege. Prehospital klinikk i Helse Møre og Romsdal bidreg med utrykningsbil og ambulansearbeidar, medan kommunane stiller med legeressurs. Bilen blir operativ frå kl 1600-0800 på kvardagar og heile døgnet laurdag og søndag. Bruk av bilen blir vurdert av legevaktlege i Volda/Ørsta på ettermiddag/kveld og nattlegevaktlege på natt.

Første vakta på legebilen var 18.mars, og klinikksjef Lars Erik Sjømæling i Prehospital klinikk kan fortelje at legebilen kom til nytte allereie på denne vakta.

- Lege og ambulansearbeidar rykka ut til pasient og ein unngjekk i dette tilfellet å bruke ambulanse. Ved bruk av ambulanse ville ambulansen ha vore ute av drift i lang tid pga smittefare. No vart pasient undersøkt og vurdert av lege og ambulansearbeidar i heimen. I den situasjonen vi er i no, er vi heilt avhengige av god samhandling mellom primær- og spesialisthelsetjenesta. Dette prosjektet er eit framtidsretta og godt døme på korleis kommunane og helseføretaket saman kan nytte ressursane til det beste for alle partar, seier Sjømæling i pressemeldinga.