Ingen nye smittetilfelle i Ørsta - fleire negative prøver

Torsdag vart seksten personar testa for koronaviruset i Ørsta kommune.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Tala på smitta av koronaviruset i Ørsta er uendra torsdag ettermiddag. Totalt er stadfesta fire personar med smitte. Desse var alle i same reisefølgje.

Seksten personar har blitt testa torsdag.

– Det har kome tilbake nokre prøvesvar på dei 58 prøvene frå måndag til onsdag, som vi har venta svar på. Alle desse prøvesvara er så langt negative, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Volda kommune og Ørsta kommune samarbeider no om å få prøver transportert til Molde for testing.

– Ørsta og Volda kommunar har starta opp direkte transport med eigen sjåfør som køyrer koronaprøvene frå kommunane direkte til Molde, der testsenteret ligg. På denne måten sikrar vi at prøvene kjem fram til testing så raskt som mogleg.


Første smittetilfellet i Volda

- Koronaviruset er no påvist i Volda



Uendra situasjon for Volda sjukehus

- Bemanningssituasjonen er god



Stengjer dagtilbodet ved Ørstaheimen

- Vi har ordinær drift, men dette kan fort endre seg