Uendra situasjon for Volda sjukehus

- Bemanningssituasjonen er god

Sjukehussjef Knut Nautvik ved Volda sjukehus.  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Torsdag føremiddag var statusen knytt til korona uendra for Volda sjukehus. Ingen smitta er lagt inn ved sjukehuset.

– Vi er lukkeleg skåna for smitte, seier sjukehusleiar Knut Nautvik.

Sjukehuset er godt førebudd på å ta imot pasientar som har behov for hjelp. På medisinsk avdeling er det oppretta ei epidemiavdeling. På den skjerma avdelinga kan sjukehus ta imot eit visst tal på smitta utan at det går utover andre funksjonar ved sjukehuset.

Bemanningssituasjonen ved Volda sjukehus er også god.

– Vi har tatt ned anna aktivitet og ventar på at det skal bli meir å gjere knytt til korona-viruset. Vi har nokre tilsette som er sjuke og held seg heime, men det er på ingen måte dramatisk for oss, seier Nautvik.


Vil hindre smittefare med eigen legevaktbil

Kom til nytte på første vakta



Første smittetilfellet i Volda

- Koronaviruset er no påvist i Volda



Driftar Bakk-Ola-marka og heimesjukepleien med eige personell

- Heimesjukepleien gjer vurderingar av drifta fortløpande