Kommuneoverlege Unni Natås

– Hald hovudet kaldt og hjartet varmt, det vil gå over

Då det første koronatilfellet vart påvist i Noreg, byrja dei å lage klar dei første pakkane med smittevern- og testutstyr på Ørsta legesenter. – Ingen såg nok føre seg då, at situasjonen skulle verte slik som han er no.

Rådhuset: Kommuneoverlege Unni Natås har skifta arbeidsstad frå legesenteret, der ho er fastlege, til rådhuset der ho no er konstituert kommuneoverlege. Stillinga har ho i første omgang i tre månader. 

Eg trur nok at tidspunktet for vinterferien har spelt ei stor rolle for den situasjonen Noreg er i no

Nyheiter

Det seier kommuneoverlege Unni Natås (44). Ho vart kasta rett inn i koronakrisa som konstituert kommuneoverlege for berre litt over ei veke sidan.