Uendra tal smitta - ventar på 58 prøvesvar

Det er framleis fire personar som har fått stadfesta koronasmitte i Ørsta. Men kommunen ventar svar på 58 prøver.

Koronatesting Ørsta mars 2020.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder at det onsdag vart teke prøver av fjorten nye personar.

No ventar vi på til saman 58 prøvesvar; 27 stk frå måndag, 17 frå tysdag og 14 frå i dag onsdag. Systemet ber preg av å vere overbelasta, også på prøveanalyse. Det går difor litt tid å få attende resultat, heiter det frå kommunen.

Dei siste positive prøvene vart registrerte laurdag. Det er altså fire som har fått stadfesta smitte. Alle var i same reisefølgje, og kom heim frå Austerrike.