Reglar for SFO-betaling

Nyheiter

Regjeringa kom tysdag kveld med ei avgjerd om SFO-betaling.

Dette betyr at Ørsta kommune stoppar generell fakturering for barnehage og SFO for april inntil vidare.

– Faktura for mars er allereie sendt ut, med betalingsfrist 30. mars. Denne skal betalast, men vert avrekna på seinare faktura for manglande teneste etter 13. mars, heiter det frå kommunen.

Dei som har barn i omsorgtilbod, vert fakturert for den tenesta dei får, opplyser Ørsta kommune.