Skuleleiaren si melding til foreldre og føresette

– Skulane har god kontroll på fagleg opplæring

– Slik det ser ut no, har skulane god kontroll når det gjeld den faglege opplæringa.

Seksjonsleiar Kirsti Øy Driveklepp helsar elevar og føresette..  Foto: Janne Marit Myklebust

Nyheiter

Slik helsar seksjonsleiar for skule, Kristi Øy Driveklepp til elevar og føresette i skulen i Ørsta.

Det er no snart ei veke sidan skulane i Ørsta stengde ned, og undervisninga vart basert på heimeundervisning via digitale verktøy.

– Eg håper de alle er friske og saman med nokon de er glade i kvar de enn er i denne nye, ukjende og krevjande kvardagen. Dernest: Det er godt å sjå at alle partar gjer sitt beste i ein vanskeleg situasjon. Alle rektorane rapporterer at opplæringa av elevane ser ut til å utvikle seg svært bra, helsar Øy Driveklepp.

Rett nok har somme elevar litt problem med nettet.

– Det er ikkje heilt uventa sidan nettverkskvaliteten varierer mykje i kommunen. Men alt i alt ser det ut til at elevane er i gang med læringsarbeidet under god rettleiing frå lærarane sine, og også føresette gjer ein kjempejobb. Takk til alle for positiv innstilling og samarbeid så langt, seier Øy Driveklepp i helsinga.

Ho ber føresette om ikkje å vere redde for å ta kontakt om det er noko dei eller barnet deira lurer på.

Det vert ikkje lenger drive klasseromsundervisning i Ørsta. Alt skjer med heimeskule og digitale verktøy.  Foto: Ørsta kommune


Øy Driveklepp understrekar at det er viktig at alle elevar vert følgt opp sosialt og fagleg

– Det er avgjerande viktig at alle elevar vert følgde opp både sosialt og fagleg i denne perioden når det er vanskeleg for mange å ha god kontakt med vennene sine. Vi ønskjer å vere ein inkluderande skule også i desse tider. Dette ønskjer vi å be dykk føresette om å hjelpe oss å få til når borna dykkar no i endå større grad enn før skal leve sine sosiale liv gjennom digitale plattformer. Ver så snill, hjelp oss å sjå til at ingen vert halden utanfor i dei møteplassane som vert oppretta. Å ha kontroll med det som skjer i sosiale media og på internett elles, er viktig, understrekar Øy Driveklepp.

Difor er det høve til elevane å bruka deira Chromebook også utanom fagleg arbeid.

– Sjølvsagt bør dette skje på ein slik måte at føresette eller lærar har oversikt, og at Chromebook-en vert teken godt vare på, seier Øy Driveklepp.

Det vert lagt opp til sosialt treff over internett minst ein gong i veka, der heile klasse er med.

– Slik kan ein unngå at nokon vert utan kontakt med dei andre.

– Eg kjenner meg trygg på at dette får vi til – saman, helsar Øy Driveklepp.