Ørsta brann og redning har innført strenge rutinar:

– Pass ekstra godt på og ikkje hald på med brannfarleg aktivitet

Brannsjef Thomas Winther Leira seier at Ørsta brann og redning har innført strenge rutinar i samband med korona-viruset.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Ørsta brann og redning har innført strenge tiltak knytt til korona-viruset. Førebels har det ikkje vore større hendingar i kommunen som brannvesenet har måtte rykke ut på, men måndag kveld var det bustadbrann på Bjørke i Volda kommune.

– Vi har ganske strenge rutinar og legg lista høgt. Kva som vil skje framover veit vi ikkje og informasjon vert fort gammal. Difor tek vi forholdsreglar. Aktiviteten på Ørsta brannstasjon er stengt ned. Vi har innført vekekontroll på gjennomgang av utstyret vårt. Vanlegvis er vi innom og ser over utstyret dagleg, men no er dette redusert til ein gang i veke. Normalt er det fem av mannskapet som er på vakt som gjennomfører desse kontrollane. No er det ein person av dei som er på vakt som tek gjennomgangen. Det vert nytta hanskar og det blir desinfisert ved behov, seier brannsjef Thomas Winther Leira om tiltaka i Ørsta.

Frå helsemyndigheitene ber folk om å halde god avstand til kvarandre for å hindre smittefare og unngå å samle seg i grupper. Dette får også innverknader for brannmannskapet.

– Vi har innført avgrensingar på utrykkingar. Til dømes så er det berre innsatsleiar som går ut av bilen om vi får inn ein automatisk brannalarm. Anna mannskap blir verande i bilane om det ikkje er naudsynt å gå ut. I tillegg har vi ei rekkje andre prosedyrar som vi følgjer. Om pasientar krev behandling har vi både briller og eingongsdress. Dette blir gjort for at vi skal vere sikre på å ikkje få mannskap i karantene.

Beredskapssituasjonen i Ørsta kommune er som normal for Ørsta brann og redning.

– Vaktlaga våre er fulle, seier Winther Leira.

Brannsjefen er klar på at dei kan kome i situasjonar der dei må gjere prioriteringar for liv og helse.

– Vi må legge inn litt skjønn i ulike situasjonar. Om det til dømes er ein hjartestans kan vi legge nokre av tiltaka til side. Vi har ikkje ei utsett gruppe blant brannmannskapet og vi må gjere det vi kan. Liv og helse kjem uansett først.

Sidan restriksjonane vart skjerpa inn i heile landet sist veke har aktiviteten til brannmannskapet gått ned.

– No er aktivitetsnivået vesentleg lågare enn normalt. Vi har ikkje spesielt mange utrykkingar og folk er heime.

Slik situasjonen er no ber brannsjefen folk tenke seg ekstra godt om handlingar som kan føre til utrykkingar.

– Vi oppmodar folk til å tenke at vi og kan bli smitta når vi er ute på utrykkingar. Vi ber dei som lurer på å drive med brannfarleg aktivitet om å tenke seg godt om. Folk må køyre forsiktig, vere med på å førebygge og ta seg ei ekstra runde i huset før dei legger seg slik at vi unngår utrykkingar som kan utsette beredskapen for smittefare.

Ørsta brann og redning har god kontakt og samarbeider med brannvernet i Volda.

– Når det er slike situasjonar som husbrann på Bjørke samarbeider vi med Volda. Vi kan bli kalla ut på hendingar i Volda. Om vi skulle oppleve mannskapsmangel så kan brannvernet i Volda hjelpe oss og omvendt. Eg har snakka med brannsjefen og vi har gode rutinar på dette.

– Vi følgjer med og det er kontinuerlege endringar i beredskapsprosedyrane.