Ørsta Røde Kors hjelpekorps med bøn til dei skiglade

- Kjære toppturfolk i Ørsta..

Illustrasjonsfoto.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

- Dette skjer sikkert ikkje deg, men om nokon skadar seg på topptur eller løyser ut eit skred, vil vi bli kalla ut på redningsaksjon, skriv Ørsta Røde Kors på Facebook-sidene sine.

- Beredskapen har vi, men vi må ta dei samme omsyna til smittevern som alle andre. Berre dei som må ut, kjem til å rykke ut. Vi bør helst ikkje køyre i samme bil. Vi må organisere utstyr med god avstand til kvarandre, tungt utstyr.. Vi samarbeider ofte med andre hjelpekorps, men dei er då sjølvsagt frå ein annan kommune og kanskje frå eit anna fylke. Kva reglar gjeld i den kommunen? Vi har skjerpa beredskapen vår, men alt vil og må ta lenger tid under ein redningsaksjon slik situasjonen er no, skriv hjelpekorpset.

- Men det skjer vel ikkje noko på din topptur? Eller kan det det? Ta vare på kvarandre.

Søndag kveld la også Hovudredningssentralen i Sør-Norge ut ei klar oppmoding:

- Den norske beredskapen vert sett på prøve i desse dagar. Det gjeld også alle våre redningsressursar. Det viktigaste no er å følge dei råda som vert gitt for å minske smittespreiing og trygge dei mest sårbare gruppene. Ta vare på kvarandre, utsett toppturen og delta i dugnaden.