KFUM Volda avsluttar seriespelet i Oslo

KFUM Volda er klar for dei to siste seriekampane for sesongen, mot Oslo Volley og Koll.

Grunnserien: KFUM Volda er klar for dei to siste seriekampane denne sesongen. Etterpå ventar sluttspel. 

Nyheiter

Allereie før desse kampane er det klart at Volda-damene er kvalifisert for sluttspel, heiter det i ei pressemelding frå KFUM Volda.

Laurdag er det kamp mot Oslo Volley. Dette er laget som ligg på 4.-plass i Mizuno-ligaen, to poeng føre KFUM Volda. Oslo Volley er eitt av dei laga som har hevda seg i toppen av Mizuno-ligaen lengst. Laget tok NM-gull så seint som i 2017, og fleire av spelarane har vore innom landslaget. KFUM Volda vann heimekampen mot Oslo-laget overtydande 3–1.

Søndag er Koll motstandar. Dette laget har vist seg som det sterkaste laget i Mizuno-ligaen, og sist helg tok dei ein klar siger 3–0 heime mot TIF Viking. Med det har dei allereie vunne grunnserien i år med 13 sigrar av 14 kampar. Koll var i cupfinalen tidlegare i år, men der måtte dei sjå seg slått av Randaberg.

KFUM Volda har sikra nok poeng til plass i sluttspelet. Dei to laga som hamnar på første og andre plass i grunnserien vil vere direkte kvalifisert for semifinalen i sluttspelet. Dei som kjem på plass 3–6 vil kjempe om dei to siste semifinaleplassane. Før kampane i helga ligg KFUM Volda på 5.-plass.