Framleis uavklart rundt importforbod for pels

Sjølv om norske politikarar har gått inn for å avvikla pelsdyrnæringa her i landet, er fleire politiske parti likevel skeptiske til å forby import av pelsdyrprodukt.

Sjølv om det frå 2025 blir innført forbod mot pelsdyroppdrett her i landet, er det framleis ikkje avklart om det er politisk stemning for å forby import av produkt laga av pels.  Foto: Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Nyheiter

Det fortel Nationen som har undersøkt korleis medlemmene frå ulike parti i næringskomiteen på Stortinget stiller seg til forslaget som blei fremja i fjor sommar om å forby import av pelsprodukt. Også Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og Raudt har fått same spørsmålet.


KrF og Frp gjer opp for dårleg samvit, men avventande pelsyrbonde

- Vi flaggar ikkje i dag, sjølv om det ser lovande ut.

Frp sikrar pelsdyrbøndene betre erstatning for yrkesforbodet. - Ei lette, seier Steinar Reiten i KrF. Men på Øye flaggar dei ikkje førebels.


Ifylgje avisa gjekk både Venstre, SV, og MDG i fjor inn for eit importforbod. Spørjerunden til Nationen viser at desse partia meiner det same i dag. Raudt og Arbeidarpartiet, som også har fått sms frå avisa, har enno ikkje svart på korleis dei stiller seg til eit importforbod mot pels.

Bengt Rune Strifeldt, som representerer Frp i næringskomiteen, er derimot mot eit forbod mot import av pels. Også Høgre og KrF er skeptiske til eit importforbod. Det same Geir Pollestad i Senterpartiet, sjølv om han i utgangspunktet meiner eit forbod hadde vore konsekvent.

– Men ein dumskap blir ikkje betre av å gjera ein ny. Så eg vil ikkje ha fleire forbod, seier han til avisa.

Etter oppsummeringa av undersøkinga konkluderer difor avisa med at det framleis kan bli lov å importera pelsprodukt – sjølv om pelsdyrnæringa blir lagt ned her i landet.