– Hurra for Legene

– Hurra! sa Idar Henning Vatne (Frp) i glede, då samfunnsutvalet gjorde vedtak om varsel om oppstart av arbeid med områdeplan for Legene.

Åmås: Her er det planlagt både ny skule og nytt bustadfelt. Frå før er det fotballbaner og barnehage på Legene. Foto: Kjell Arne Steinsvik 

Nyheiter

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for bustadbygging og planlegge for ein ny framtidig skule på Legene. Frist for å kome med innspel til planprogrammet er 27. mars.

– Svært positivt, kommenterte Tove Halse Digernes (Sp).

Planområdet omfattar ei lang rekke eigedommar. Størstedelen av området består av private eigedomar.Området som no vert varsla er større enn områda som er aktuelle som nye byggjeområde. Nokre område innanfor avgrensinga er teke med for å vurdere alternative løysingar for infrastruktur, og det vil i løpet av planprosessen verte teke endeleg stilling til kva område planframlegget skal omfatte. Det blir sett på som sannsynleg at planavgrensinga kan bli noko redusert i løpet av planprosessen, står det å lese i saka.