Trafikkuhell i Hovdebygda

Nyheiter

Politiet melder om ei trafikkulykke i Hovdebygda, i området ved E39 og Ytrehovdevegen ved Møbelringen. Det skal vere to involverte bilar.

Ein person er frakta til legevakt for kontroll, og det vart sett i verk bilberging.

Kl. 08.42 melde politiet at vegen var rydda. Det vert oppretta ei politisak på forholdet.