Nei til støyskjerm grunna for lite støy

Møre Folkehøgskule vil ha støyskjerming, men vegvesenet seier nei.

Støy: Støy frå biltrafikken på E39 er plagsamt for Møre Folkehøgskule. 

Nyheiter

Årsaka er at støynivået frå E39 ikkje er høgt nok.

I eit brev frå folkehøgskulen til Statens vegvesen ber skulen om å få dokumentert støyproblematikken ved folkehøgskulen, og viser til støyskjermen som er oppført ved Velle barneskule. I brevet skriv folkehøgskulen at den ligg langt tettare opp mot E39 enn Velle-skulen.

– Vi har gjennomført ei støyberekning som viser at høgste berekna innandørsnivå er 39dB gjennomsnittleg gjennom døgnet. Sidan dette er under grensenivået på 42dB har de dessverre ikkje krav på støyreduserande tiltak, skriv seksjonssjef Lisbeth Smørholm.