Barstadvik-avslag

NVE seier nei til å hjelpe til etablering av massebasseng i Barstadvikelva etter flaumen i 2016.

Flaum: Det var i 2016 at delar av Barstadvikelva vart øydelagt av flaum. 

Nyheiter

Det går fram av eit brev frå NVE til Ørsta kommune.

– Søknaden om massebasseng har lagt til vurdering hjå NVE over lengre tid utan at vi har hatt kapasitet til å prioritere den. Slik situasjonen er no, ser vi heller ikkje moglegheit for å prioritere søknaden i næraste framtid, og avslår difor søknaden om bistand, skriv fungerande regionsjef Siss-May Edvardsen i NVE.

NVE minner om at kommunen og/eller elveeigarlaget kan søkje om tilskot til planlegging og/eller gjennomføring av sikringstiltak og habitatforbetrande tiltak.