Vil ha stor fotballbane på Mosflata

Nyheiter

Ørsta Idrettsråd meiner det må planleggast for ei ny fotballbane til Ørsta IL på Mosflata snarast råd. Det er snakk om ei speleflate på 135 gonger 65 meter. Då vil det vere plass til ei 11-arbane og ei sjuarbane. Idrettsrådet ber kommunen om å ta tak i saka.

Det er også ynske om ei ny gangbru over til Mosflata frå Aurstad Arena.