Volda

Mørehallen har blitt Sparebank1-hallen

Veronica Pilskog og Ole Christian Heltne frå Sparebank1 Søre Sunnmøre saman med Runar Løvold frå VTI Fotball framfor Sparebank1-hallen i Volda.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Fotballhallen ved Volda stadion har skifta namn frå Mørehallen til Sparebank1-hallen - dette for at namnet skal vere i samsvar med kven som er generalsponsoren til VTI Fotball.

-Hallen var offisielt opna våren 2014, og den gongen var Sparebanken Møre hovudsponsor. Vi er sjølvsagt takksame for støtta vi fekk frå dei gjennom åra, men no var det tid for namneskifte, seier Runar Løvold frå VTI Fotball.

-For oss i Sparebank1 Søre Sunnmøre er det litt prikken over i-en at hallen no skiftar namn. Vi er jo tungt inne som sponsor no når heile stadion vert oppgradert, og vi er sjølvsagt glade for at dette også viser att i det nye 8, seier Veronica Pilskog og Ole Christian Heltne i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

-Vi oppgraderer stadion for heile tolv - tretten millionar kroner, og Sparebank1 Søre Sunnmøre har sponsa prosjektet med 2,8 millionar kroner. Volda kommune bidreg med 1..750.000 kroner, og resten er tippemidlar, dugnad og momskompensasjon, fortel Runar Løvold.

Hovudbana vert oppgradert med heilt nytt kunstgrasdekke og vatningsanlegg, og i tillegg vert det bygd nytt reiskapshus. Det har også blitt asfaltert og stelt til på området, og klubbhuset har fått ei oppgradering.