Interoptik Nymark flyttar til Hamnegata

John Abraham Nymark.  Foto: Arkivbilete.

Nyheiter

Interoptik Nymark flyttar til Hamnegata

Etter snart 40 år flyttar Interoptik Nymark til Hamnegata i Volda.

- Vi har vore i Halkjelsgata i 39 år. Før det låg vi i det gamle meieribygget, der vi flytta til i 1951. Grunna endra handle- og trafikkmønster bruker folk Volda sentrum forskjellig frå tidligare og vi har opplevd at nye kundar har hatt vanskar med å finne oss der vi har vore. Vi stod også framom ei planlagt renovering av butikkslokalet, fortel John Abraham Nymark.

- Då den siste leigetakaren i Hamnegata 21 ikkje ynskja å teikne ny leigekontrakt og lokalet, med ei av beste plasseringane i Volda, skulle seljast bestemte vi oss for å kjøpe og bygge vår draumebutikk med ein ny og moderne augehelse-klinikk, legg han til.

Butikken skal tilby eit godt utval av briller og solbriller i ei Etter moderne innpakning. Augehelseklinikken tilbyr blant anna optomap. Dette er eit avansert digitalt kamera som skannar netthinna, og avdekkjer fire gonger meir av netthinna enn med tradisjonelle instrument.

- Elles så tilbringer folk stadig meir tid framom skjermar. Både på jobb og i fritida. Dette kan resultere i auka nærsyntheit og sletne auge. Begge deler kan vi idag hjepe med. Vi har faktisk blant anna dagslinser som bremser nærsyntutvikling, seier Nymark.

Som også tilbyr tørre auger-klinikk, og opplever at det dei siste åra har vore reine revolusjonen innan kontaktlinser.

-Vi har i dag kontaklinser som skifter farge, bremser nærsyntheitutvikling, er for ekstremt tørre auge, er progressive, er for skeive hornhinner eller særs lysfølsomme for å nemne nokre.