Gratis ferietilbod til barnefamiliar med dårleg økonomi

Kjeldsund ungdomssenter er målet for ein av turane.  Foto: Kjeldsund ungdomssenter.

Nyheiter

Røde Kors i Møre og Romsdal arrangerer ferieturar for barnefamiliar som har dårlig økonomi, og som over tid har levd i en vanskelig livssituasjon

Målet med turen er at familien skal få ei ferieoppleving saman.Turen skal også gje eit pusterom i kvardagen utan at dei skal trenge å bekymre seg for økonomi, samtidig som den skal bidra til å skape nettverk med andre familiar i same situasjon.

Målgruppa er familiar med barn i barneskulen, altså mellom 6 og 13 år. Det er nok at eit av barna i familien er i målgruppa.

Alle utgifter er dekka av Røde Kors, og det blir satt opp buss frå fylket som ein kan nytte seg av gratis. Reiseleiar og frivillige fra Røde Kors er med på turen.

I år vert det arrangert tre ferieturar: Ein tur til Kjeldsund i Herøy frå 30. juni til 4. juli. Her vert det tilrettelagt båttur, fjelltur og andre vatn- og utandørsaktivitetar.

20. – 25. juli og 27. juli – 1. august vert det arrangert turar til Hauglandssetneret i Sogn og Fjordane. Her er det masse flotte utandørsaktivitetar – som kanopadling, fisketurar, paddle-board og eit eige bakehus.

Påmeldingsfristen er 8. mai 2020 for alle turane.