Råkar anlegg i Volda

Tre oppdrettsanlegg har fått varsel om mellombels redusert produksjon

Mowi sitt anlegget på Rønstad ved Folkestad.  Foto: Joachim Kroken Åsebø

Nyheiter

NPK: Mattilsynet har sendt ut varsel til to oppdrettsanlegg på Sunnmøre og eitt i Trøndelag om at dei vurderer å vedta mellombels redusert produksjon på anlegga. Bakgrunnen er langvarige luseoverskridingar.

Det skriv tilsynet på nettsidene sine.

Varsla gjeld desse anlegga: Rønstad i Volda (Mowi Norway AS), Voldnes i Herøy (Mowi Norway AS) og Makrellskjæret i Flatanger (Salmar Farming AS).

Mattilsynet kan gi oppdrettarar som har hatt langvarige eller alvorlege lakselusproblem mellombels redusert produksjon. Perioden med redusert produksjon vil minimum gjelde for to år.

Målet med verkemiddelet er å få oppdrettarane til å tilpasse drifta til smittepress, førebyggjande tiltak og kapasitet for behandling og slakting.

Oppdrettarar som får slike pålegg kan auke produksjonen igjen når dei har kontroll og klarer å halde seg under lakselusgrensa