Sjå video frå Politiet

Aukande skredfare søndag

Varsom.no melder om betydeleg snøskredfare på Sunnmøre.

Illustrasjon. 

Nyheiter

- Nedbør og kraftig vind gir noko aukande skredfare søndag, melder Varsom.no for Sunnmøre.

- Under mildvêrsgrensa vil snødekket bløytast opp og skred kan løysast ut naturleg både som laussnøskred og flakskred. Det er mykje snø i fjellet frå før, men det er hovudsakeleg ferske fokksnøflak som er venta i vere ustabile medan vêret står på.

Skikompis

Politiet har i samband med si førebyggjande kampanje – "Skikompis, snøskred og trygg ferdsel" publiset to videoar det kan vere verd å sjå, om det freistar med tur i fjellet.

Skikompis - førebyggjande kampanje frå Politiet.

Skikompis - førebyggjande kampanje frå Politiet.

Vått i vinterferien

For dei som har vinterferie komande veke, er vermeldingane lite oppløftande, om du ikkje er av dei som likar regn.

Veret på Nordvestlandet, måndag 17. februar.  Foto: Meteorologisk institutt

Verst vert det måndag, medan det onsdag er håp for ein dag med opplett, før himmelen opnar seg att torsdag, og resten av veka.