Snikk snakk med Skjalg

And the Oscar goes to … Emil i Lønneberget!

Skjalg Longva har si eiga spalte i Møre-Nytt.  Foto: Svein Aam

Berre ein idiot, eller kanskje ein helgen, ville angre på å bli gripen av kunsten

Patti Smith: «Just kids», Samlaget 2012.
Nyheiter

Den beste filmen eg har sett? Huff, du spør så vanskeleg. For det er neimen ikkje lett å avgjere. I dag høyrer eg til kinoens tapte generasjonar. Ein sedat senior som heller ser nyheitene på TV enn oppsøkjer kinoens magiske mørke. Men det er no det, og ikkje før. Frå eg var seksten gjekk eg på kino kvar veke. Ofte fleire gonger i veka.