På oppdagingsferd i eiga historie

– No har det blitt lett å finne oldemor på nettet

Stadig fleire ønskjer å reisa tilbake i tida og bli betre kjende med forfedrane sine og si eiga historie.

TIPS OG RÅD: – Om du lurer på korleis du skal koma i gang med slektsforsking, eller har noko du treng hjelp til, har vi mange flinke slektsforskarar og tilbod rundt om i heile landet som tilbyr råd og rettleiing, seier generalsekretær Anne Schiøtz i organisasjonen Slekt og data. Foto: Margunn Sundfjord / NPK 

Nyheiter

Interessa for slektsforsking er aukande, fleire og fleire blir interesserte, seier generalsekretær Anne Schiøtz i Noregs største organisasjon for slektsforsking, Slekt og data.

Ho trur tv-serien «Hvem tror du at du er?», der kjende personar leitar etter røtene sine, har hatt mykje å seia for at fleire vil gå på oppdagingsferd i eiga historie. Det same har òg fleire digitale kjelder, meiner ho.

– Der du før måtte oppsøkja eit arkiv, kan du no sitja heime i din eigen sofa og søkja opp mykje av di eiga historie. No har det blitt lett å finna oldemor på nettet.

Gratis hjelp frå gode hjelparar

For ferske slektsforskarar er det likevel ikkje alltid like lett å vita korleis ein skal gå fram for å få tak i den informasjonen ein er på jakt etter. Spørsmåla kan vera mange. Kor skal ein starta? Kva kjelder finst det? Kva kan ein stola på?

– Eg vil difor oppmoda folk til å besøkja ein av slektsverkstadane våre, eller nettsida vår før dei går i gang. Der finn du svar på mange ting du lurer på, seier Schiøtz.

Ho fortel at Slekt og data har mange flinke slektsforskarar som står klare til å hjelpa alle som ønskjer å finna ut meir om røtene sine. Organisasjonen, som i år fyller 30 år, tilbyr også ei rekkje kurs, foredrag og aktivitetar rundt om i heile landet. Alt arbeidet er basert på frivillig innsats frå eldsjeler blant dei rundt 11.000 medlemmene.

Tips for nybyrjarar

Det beste nybyrjartipset for folk som vil starta med slektsforsking, er ifylgje organisasjonen å starta med seg sjølv og skriva ned alt ein veit og alt dei eldre i familien kan fortelja deg. Gamle fotoalbum, brev, dagbøker og postkort kan også vera nyttige kjelder. Det kan òg slektstavler, slektsbøker og bygdebøker vera.

– Den enklaste staden å byrja på nettet er Nasjonalbiblioteket. Der kan du søkja i gamle aviser og bøker. Kanskje du finn ei slektsbok eller bygdebok der familien din er nemnd? oppmodar Schiøtz.

Ho tipsar også om at gravminnebasen til Slekt og data ein god stad for å finna ut kor i landet forfedrane dine er gravlagde og når dei døydde, noko som er viktig informasjon for å leita vidare i andre kjelder.

Når du skal gå vidare og søkja i arkiva, er Digitalarkivet, ifylgje Anne Schiøtz, den beste plassen å starta. Der kan du søkja i dei digitale kyrkjebøkene og folketeljingane. Her kan du både finna namn på familiemedlemmer du er på jakt etter, og viktig informasjon om ulike fasar i livet deira. Til dømes når dei blei fødde, kva yrke og sivilstatus dei hadde, når dei døde og andre fakta.

Det er likevel først når ein kjem litt vidare og får vita historia rundt menneska, at det verkeleg byrjar å bli interessant, meiner generalsekretæren. Her kan skuleprotokollar og ikkje minst fattigdomsprotokollar vera ei veldig viktig kjelde.

– Det siste er ei gullgruve, og folk på arkiva rundt om er fantastisk flinke til å gje slektsforskarane litt meir kjøt på beinet. Svært få greier likevel å koma så langt tilbake at dei er i slekt med vikingar eller kongelege. For dei fleste stoppar det rundt 1600-talet, men greier du å koma så langt tilbake, har du haugevis av kjelder å velja mellom.

– Ver kritisk

Sjølv om det har blitt lettare å finna opplysningar digitalt, åtvarar Schiøtz mot å stola blindt på opplysningane ein finn på nettet.

– Viss du berre gjer eit søk på nettet, skal du ha kritisk sans. Kjeldekritikk blir berre viktigare og viktigare i den digitale tidsalderen, strekar ho under.

Ho meiner mellom anna at det er grunn til å vera påpasseleg når ein brukar det brukarstyrte slektsprogrammet My heritage, som er basert på at folk legg inn eigne opplysningar.

– Har du lagt inn noko feil, så forplantar det seg. Vi brukar å seia at viss noko er for godt til å vera sant, så er det gjerne det. Då skal du alltid sjekka. Bruk det gjerne som ein rettleiar for tips, men ikkje tru at du får ut heile slektstreet ditt om du legg inn namnet ditt, seier Schiøtz og strekar under at det er viktig å kvalitetssikra opplysningane ein har funne.

Stadig fleire brukar også DNA-testing i slektsforskinga si.

– DNA-testar er spennande, og det ligg fantastiske moglegheiter der, men du må gjera tradisjonell slektsforsking i tillegg for å kunna tolka linjene rett bakover i tid, legg Schiøtz til.

– Slektsforsking skaper toleranse

Å gå på jakt i si eiga slekt kan by på overraskingar av mange slag.

– Mange trur at det uvanlege dei oppdagar, berre er noko som skjer i deira familie, men det er det ikkje. Det uvanlege som folk snakkar om, er eigentleg heilt vanleg. Vi brukar å seia at slektsforskarar generelt er veldig tolerante menneske, seier Anne Schiøtz.

Ho peikar på at slektsforsking også bidreg til at får større innsikt i samfunnet, og i det å leva seg inn korleis andre menneske har det.

– Tenk berre på utvandringa til USA og kor stolte vi var då folk kom tilbake. På same måten kan slektsforsking vera ei hjelp til å relatera seg til innvandring andre stader og til samfunnet i dag. Det tenkjer eg er superviktig. Når vi kjenner historia vår, kan vi forstå samtida vår på ein annan måte.

Ikkje vent for lenge

Har du planar om å byrja med slektsforsking, bør du ikkje utsetja det for lenge, meiner Schiøtz.

– Ikkje vent til du blir pensjonist. Mange av medlemmene våre seier dei skulle ønskt dei hadde byrja før, medan dei hadde familie rundt seg som dei kunne spørja. Rådet deira til andre er å ikkje venta til dei får god tid, men å starta no. Ta kontakt med besteforeldre, tanter og onklar og skriv ned kva dei har å fortelja. Få namn på alle gamle bilete og album dei har liggjande, og ta vare på det på ein lur stad i skya. Då kan du ta det fram igjen når du har meir tid.