Topp datatryggleik hos Tussa

Datatryggleiken hos Tussa IKT er på øvste nivå. No har bedrifta fått beviset.
Nyheiter

Tussa IKT har sertifisert seg innanfor ISO 27001, ein leiande standard for informasjonssikkerheit, heiter det i ei pressemelding.

Sertifikatet stadfestar at Tussa IKT har gode system og rutinar for informasjonssikkerheit, og for å avdekke og stoppe digitale trugslar.

Informasjonssikkerheit er svært viktig i dagens samfunn, der digitale trugslar og svindel mot bedrifter blir stadig meir avansert. Tussa IKT forvaltar store verdiar for kundane, og kundane stiller krav til at selskapet har gode system, full kontroll og stoppar angrep frå vondsinna aktørar. Det tek selskapet på alvor, heiter det i pressemeldinga.

Tussa datasenter.  Foto: Tussa


– Ambisjonen vår er å ta rolla som den aktøren som er best kjent for informasjonssikkerheit. Vi har lenge tilbydd sikkerheitstenester, og sertifikatet gir oss eit godt grunnlag for å satse enda sterkare på dette. Vi vil no profesjonalisere dei digitale sikkerheitstenestene våre, og utvikle nye tenester som styrkjer kundane si motstandskraft mot digitale trugslar. Prosessen med å sertifisere oss har vore omfattande, men vi ser at dette arbeidet også har gjort oss meir effektive, noko som vil styrke konkurranseevna vår, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Trusselbiletet er i stadig utvikling, og Tussa IKT vil framover ha sterkt fokus på kontinuerleg forbetring av rutinar, tenester og dokumentasjon. Årlege resertifiseringar vil stadfeste om selskapet forbetrar seg.

Det er selskapet Nemko som har gjennomført sertifiseringa, og det er Tussa IKT sine metodar og prosessar for sikkerheitsleiing som er sertifiserte. Det vil seie Information Security Management

System (ISMS), på norsk: Internkontroll for informasjonssikkerheit. Dette omfattar sal, leveranse, drift og brukarstøtte av tenestene innanfor forretningsområda IT og kommunikasjon, og inkluderer både Tussa datasenter, breibandsnettet og lokala i Ørsta, Ålesund og Herøy, heiter det i pressemeldinga.