Næringskonferansen

Marna kjem heim

Bloggar: Marna Haugen Burøe.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

-Denne herlege dama kjem heim! avslører Næringskonferansen Søre Sunnmøre, og siktar til Marna Haugen Burøe, også kjent som Komikerfrue.







- Ho er ein av dei største bloggarane i landet og ein svært populær karakter i sosiale medium. Ho bur i hovudstaden med komikermannen Ørjan Burøe, men kjem opphavleg frå Åmdalen i Ørsta og held imponerande godt på dialekta si. Marna har hausta stor suksess og vunne fleire prisar for sitt folkekjære vesen, men ho er òg ei sterk forretningskvinne som har møtt motgang på fleire måtar. No lettar ho litt på sløret og fortel om medaljens fleire sider, kva som har fått ho dit ho er i dag og kva tankar ho har om dagens marknadsføring. På konferansen vil ho ha ein sofaprat med programleiar Frode Alnæs, og med både alvor og humor vil ho fortelje si interessante historie, melder Næringskonferansen på sine Facebook-sider.

Næringskonferansen går av stabelen i Ørsta 26. mars.