Her går Otol-fonna i sjøen

Fonna frå Otola gjkk i sjøen fredag.  Foto: Kåre Myklebust

Nyheiter

Fonna frå Otola i er ei av dei mest dødbringande nokon gong i Hjørundfjorden. 1. juledag 1770 , altså for 250 år sidan, miste 27 menneske livet då kyrkjebåten til Bjørke vart tatt av denne fonna. Hendinga vart markert i jula av folk på Bjørke.


Minnemarkering for Otola-ulykka

"Ein formidabel bergingsaksjon"


I dag gjekk det langt mindre dramatisk for seg, enn for 250 år sidan. Kåre Myklebust, som bur på Leknes, rett over fjorden for Otola, fanga inn raset med kameraet sitt.

Otola: Otola sett frå Risenosa ved Viddal.  Foto: Svein Aam

- Fonna gjekk i sjøen, men var ikkje stor. Ho gjekk midt i skiskytar-sprinten, fortel Kåre Myklebust.

Det har kome ein god del snø i høgda denne veka, og med mildare ver aukar rasfaren.