Allskog:

– Vi følgjer alle pålegg

– At laksestammen i Barstadvik er sterkt trua er sjølvsagt tragisk. Men det stemmer ikkje at Allskog ikkje har sett i verk tiltak, seier kommunikasjonsrådgjevar i Allskog Audun Otterstad.

Tømmer.  Foto: Arkiv

Nyheiter

– Vi fekk brev om situasjonen frå Barstad og elveeigarlaget før jul, og drog på synfaring. Og vi følgde opp alle dei forholda som vart påpeikte der: Vi bygde fleire avrenningsgrøfter, vi la ut mykje granbar i anleggsvegen, for slik å prøve å stoppe noko av avsiget. Vidare har vi tatt i bruk ein vinsj som vinsjar anleggsmaskinene opp og ned i feltet, for å gjere belastninga på grunnen mindre, seier Otterstad, som fortel at Allskog skal på ny synfaring med det første.


Avrenning frå hogstfelt til lakseelva i Barstadvik

– Laksestammen i Storelva er på randen av utrydding, og Allskog er i ferd med å slå inn siste spikaren i kista

– Laksestammen i Storelva i Barstadvik er på randen av utrydding, og Allskog er no i ferd med å slå inn siste spikaren i kista. Og Ørsta kommune gjer ingenting.



Ørsta kommune:

– Har gitt varsel til Allskog

– Vi har gitt Allskog varsel om at dei må syte for at vatnet held seg i sine naturlege løp, og ikkje tek vegen ned langs hjulspora i anleggsvegane. Vi registrerer at ikkje alt er i orden, og dreg no på ny synfaring.


Otterstad viser til at regnet har hølja ned her i området i vekesvis.

– Ja, det har vel kome tre gonger meir nedbør enn normalt, og det i form av regn. Under slike forhold vert det vanskeleg å stoppe all avrenning. Men vi gjer vårt beste for at avtrykket på naturen skal bli minst mogleg. Det er svært viktig for oss. Vi lever jo av naturen, seier Otterstad.

– Vi har fått nokre bilete som viser at elva er brun, pluss slamavsetningar, så all avrenning kan ikkje vere stoppa.

– Nei, eg veit ikkje korleis det ser ut etter all nedbøren som har vore. Men vi har altså sett inn alle tiltak vi skulle, etter dialog med både kommunen og fylket.

– Grunneigar Barstad meiner hogsten bør stoppast på grunnlag av analysene som viser det høge nivået med labilt aluminium i elva?

– Han går ut frå at hogsten er årsaka. Men ein kan jo ikkje stoppe industriell produksjon på indisiar. Viss ein skal foreslå å gå til eit slikt skritt, må ein vere sikker.