Volda-professor i ytringsfridomskommisjonen

– Skal spegle mangfaldet i samfunnet

Jan Inge Sørbø  Foto: Agnete Brun

Nyheiter

Kulturdepartementet har utnemnt ein ytringsfridomskommisjon. Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda, er ein av dei atten medlemmane i kommisjonen.

– Medlemmene i kommisjonen speglar mangfaldet i det norske samfunnet. Felles for medlemmene er at dei har eit sterkt engasjement for ytringsfridomen, og at dei – på kvart sitt felt – har markert seg i samfunnsdebatten, sa kulturminister Abid Raja (V) då han presenterte den nye kommisjonen fredag.

Tilak mot falske nyhende er eit tema som kommisjonen skal arbeide med.

Desse er med i ytringsfridomskommisjonen:

  1. Kjersti Løken Stavrum, administrerande direktør Oslo (leiar)
  2. Ragna Aarli, professor, Bergen
  3. Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid, artist, Oslo
  4. Eirin Eikefjord, journalist, Bergen
  5. Anki Gerhardsen, frilansjournalist, Bodø
  6. Nils Johan Heatta, instituttleiar, Kautokeino
  7. Bente Kalsnes, førsteamanuensis, Oslo
  8. Sebastian Klein, pedagogisk leiar, Trondheim
  9. Mimir Kristjánsson, politikar, Stavanger
  10. Adele Matheson Mestad, direktør, Oslo
  11. Bård Borch Michalsen, førstelektor, Harstad.
  12. Steinar Jørgensen Olsen, arbeidande styreleiar, Kristiansand
  13. Shabana Rehman, dagleg leiar, Spydeberg
  14. Begard Reza, generalsekretær, Oslo
  15. Kjetil Rolness, skribent, Oslo
  16. Vebjørn Selbekk, sjefredaktør, Moss
  17. Jan Inge Sørbø, professor, Volda
  18. Sarah Zahid, student, Bergen