Vil vite kva som skjer med Sæbø-skulen

Senterpartiet ber om at det vert gitt ei orientering om det planlagde nybygget for skule og barnehage på Sæbø.
Nyheiter

Gruppeleiar Tove Halse Digernes og formannskapsmedlem Per Ivar Lied ber om ei orientering på kommunestyremøtet i dag.

Senterpartiet ønskjer at rådmannen i starten av kommunestyremøtet gir ei kort overordna orientering om status i saka om ny skule/barnehage på Sæbø.

– Det er utruleg positivt å sjå utviklinga på Sæbø dei siste åra med tilflytting og auka folketal og born. Dette var også bakgrunnen for at kommunestyret har prioritert midlar til ny barnehage og skule på Sæbø i 2020, skriv Halse Digernes og Lied.

Men dei peikar på at det i starten av året har vore ein del spørsmål rundt utforming og kapasitet ved det samlokaliserte bygget, og om nybygget kan bli forsinka.

– Vi forstår at levekårsutvalet skal få ytterlegare informasjon i neste møte i mars, og er einige i at politiske drøftingar bør ligge der på dette tidspunkt. Vi trur likevel det vil vere klargjerande å få ei kort overordna orientering om status, dialog og vidare framdrift på eitt av dei større prosjekta kommunestyret har prioritert i 2020, heiter det frå Lied og Halse Digernes.