Sparebank 1 Søre Sunnmøre

Tidenes beste resultat

Sparebank 1 Søre Sunnmøre tente 176,9 millionar kroner før skatt i fjor. Det er tidenes resultat.

Nøgd: Adm. banksjef Stig Brautaset er nøgd med resultatet for 2019. Foto: Marius Beck Dahle 

Nyheiter

Foreløpige rekneskapstal for 2019 viser eit ordinært resultat før skatt på 176,9 millionar kroner, opp frå 112,1 millionar kroner i 2018. Eigenkapitalavkastninga var 12,7 prosent, opp frå 8 prosent. Styret i banken foreslår å sette av 15 millionar kroner til gode tiltak i regionen, heiter det i ei pressemelding frå banken.

– Vi har lagt bak oss eit historisk godt år. 2019-rekneskapen kjenneteiknast ved at banken tek marknadsandelar, har høge inntekter på finansielle investeringar og har god underliggande drift. Dette kjem både kundane, eigenkapitalbeviseigarane og samfunnet til gode, seier administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, i ei pressemelding.

Tek marknadsandelar

Banken fortset å ta marknadsandelar og har hatt ein hatt ein utlånsvekst på 9,8 prosent dei siste 12 månadane. Denne fordelar seg på 9,6 prosent på personmarknaden, og 10,7 prosent på bedriftsmarknaden.

– På personmarknaden veks vi det dobbelte av marknaden. Dette er ei klar stadfesting på at vi er attraktive, konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår, seier Brautaset, og legg til:

– Også bedriftsmarknaden har hatt ei positiv utvikling heile året. Vi ser heilt klart at kundane verdset lokalkunnskap kombinert med bransjekompetanse og spesialistmiljø.

Styrkar andre inntekter

Det foreløpige årsresultatet for 2019 viser god inntektsvekst, med auke i netto renteinntekter og andre inntekter.

– Det er veldig gledeleg at vi styrkar andre inntekter som dokumenterer breidda og attraktiviteten blant våre produkt og tenester, seier Brautaset.

Avkasting og gevinst på eigardelar i Sparebank 1 Alliansen har gitt ekstra store inntekter i 2019.

God kostnadskontroll

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har dei siste åra hatt fokus på kostnadane. 2019-rekneskapen viser at banken aukar sine lån og inntekter, medan kostnadane held seg, seier Brautaset.

Fokus på berekraft

I 2019 vedtok styret i banken ein strategi for samfunnsansvar og berekraft som banken har kome godt i gang med å implementere.

– Vi skal vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke i regionen vår. For å etterleve denne visjonen er det naudsynt for oss å ta miljøutfordringane på alvor. I haust lanserte vi fire miljøretta produkt som skal gjere det lønsamt for kundane våre å ta miljøvenlege val. Vi har også stort fokus på interne tiltak som avfallshandtering og redusering av behovet for reiseverksemd. I 2020 vil vi arbeide vidare for å bli ein enda meir miljøeffektiv organisasjon, seier Brautaset.

Framtidsutsikter

Det er framleis ei positiv utvikling med nedgang i arbeidsløysa på Søre Sunnmøre, og tal frå NAV syner at per desember 2019 var den på 2,3 prosent. Det er god bransjespreiing i næringslivet i marknadsområdet til banken og ei framleis svak krone betrar konkurransekrafta som er gunstig for eksportretta industri. Investeringane på norsk sokkel er venta å flate ut, noko som vil medføre at veksten i etterspurnadssida vil stogge. Det er venta at 2020 vil vere eit år der den positive utviklinga i arbeidsmarknaden held seg, men med avtakande vekst i investeringar og lågare gjeldsvekst samanlikna med 2019.

– Med bakgrunn i forventningar om lågare vekst i norsk økonomi, lågare etterspørsel etter utlån og regulatoriske endringar forventar styret framleis tøff konkurranse på utlånsvolum og marginar i 2020, seier Brautaset.

Hovudtrekk i førebels årsrekneskap for 2019:

* Netto renteinntekter 156,7 mill. kroner (137,6)

* Ordinært resultat etter skatt 154,9 mill. kroner (94,2)

* Årets resultat påverkast av eingongseffektar knytt til Fremtind transaksjon og sal av aksjar i BN

Bank

* Avkastning på eigenkapital 12,7 % (8 %)

* Styret foreslår eit kontantutbytte på 8,00 kroner per eigenkapitalbevis, totalt 8. mill. kroner

* Styret foreslår ei avsetning til gåvefondet på totalt 15 mill. kroner

* Rein kjernekapitaldekning forholdsmessig konsolidert 18,5 %

* Vekst i utlån på totalt 9,8 % (8 %) inkl. kredittføretak

* Vekst i innskot på totalt 7,9 % (10,6 %)