Gir 40 000 kroner til Melshornets Venner

Sindre Lunden Monsholm får sjekk og diplom frå Frank Vatne i Sparebanken Vest, Volda.   Foto: Pressefoto

Nyheiter

- Dei tilsette i Sparebanken Vest kan kvart år stemme fram gode prosjekt på Vestlandet i ein eigen julekalender. I november nominerte Frank Vatne organisasjonen Melshornets Venner, og resultatet vart ei julegåve på heile 40 000 kroner.

Det skriv Sparebanken Vest i ei pressemelding.

- Melshornets venner passar som hand i hanske til banken sitt slagord: «Saman gjer vi det betre», fortel Frank.

- Her har vi ei gruppe idealistar som jobbar med å leggje til rette for at vi alle kan få ein liten bit av Sunnmørsalpane. Melshornet byr no omtrent kvar einaste dag i året opp til naturopplevingar, fysisk aktivitet og sjelefred.

Sindre Lunden Monsholm var svært glad for å få overrekka sjekken frå Sparebanken Vest.

- Gåva gjer oss i stand til å utvikle tilbodet vidare. Mellom anna har vi no lagt ut verktøy på toppen av Melshornet til dei som treng å stramme bindingar og gjere småreperasjonar. Vi skal også plassere ut eit skap for mista og funne gjenstandar. I tillegg ynskjer vi å fortsette å støtte andre aktørar som er med på å utvikle området, til dømes Bratt sykkelklubb sitt løypeprosjekt.