Foreslår ny lovgjeving i høgare utdanning

– Rektor kan ikkje vere styreleiar

Styringa av mellom anna Høgskulen i Volda kan verte endra dersom forslaga til eit regjeringsoppnemnd utval går igjennom.
Nyheiter

Torsdag vart tilrådinga frå Aune-utvalet overlevert til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Helga Aune har leia utvalet, som har hatt til mandat å kome med endringar i lovgjevinga andsynes universitet, høgskular og studentvelferd.

Nei til kjønnspoeng for å komme inn på studium, slutt på rektor som styreleiar, ny alternativ karakterskala og to sensorar ved alle eksamenar. Dette er nokre av forslaga til utvalet som har gjennomgått universitets- og høgskolelova.

For Høgskulen i Volda vil det medføre ei endring dersom rektor ikkje kan vere styreleiar. I dag fungerer rektor Johann Roppen både som styreleiar og rektor.

– Her er det mange spennande forslag som garantert vil skape debatt. Disse skal vi vurdere nøye framover. Eg har kvart fall eitt tydeleg mål, og det er at lova må bli enklare å forstå. Så skal eg seinare komme meir inn på forslaga om kjønnspoeng, sensur og ny alternativ karakterskala. Men først skal alt ut på høyring, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H), i ei pressemelding frå regjeringa.

– Når du tenkjer på behovet for gode lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar er kanskje ikkje universitets- og høgskoleloven det første du tenker på. Men det er faktisk viktig at vi har ei god lov som er tydeleg på kva universiteta og høgskolane skal vere. Den legg ein del føringar for korleis institusjonane driver utdanning og forsking, seier Asheim.