Nytt trafikkuhell - svært glatt

Onsdag kveld var det nok eit trafikkuhell på Vartdalsstranda.
Nyheiter

Det er meldt om lettare personskade etter eit trafikkuhell mellom Berg og Flåvika onsdag kveld.

Politiet i Møre og Romsdal melder at det var to køyretøy involvert, og at det var påkøyrsel bakfrå. Naudetatane var raskt på staden, då dei kom frå eit trafikkuhell like i nærleiken.

Politiet opplyser a det var utfordrande vinterlege køyreforhold på staden.

Politiet har også sendt ut eit generelt varsel om vanskelege køyreforhold i Møre og Romsdal i kveld.