Vassendgutane og Get Rythm

- Blir steikje bra

Get Rythm - for Ørstahallen i mai.  Foto: Pressefoto

Vassendgutane  Foto: Pressefoto.

Nyheiter

Vassendgutane held oppe tradisjonen med konsert i Ørsta. I år er datoen 9. mai og staden Ørstahallen. Dei inviterer gjestar til ein felles konsert, og i år kjem LIZZ, og ikkje minst Get Rythm.

– Dette er vi veldig stolte over å ha fått til. Get Rythm er ein av dei beste trad-country banda i Noreg, seier Rune Brautaset i Vassendgutane.

Ifølge eit presseskriv er Get Rhythm "eit ungt band med Johnny Cash-karakter og sound, altså med ei fyldig barytonstemme, og stilen spenner over eit vidt spekter med element av country, rock and roll, blues og spirituals".

– Dei dressar seg opp i 50-talsklede, og har same type instrument som dei hadde på den tida. Det er akustisk, og det vert steikje bra, seier Rune Brautaset.

"LIZZ er ein banebrytande låtskrivar og Powerhouse-vokalist. Den særeigne artisten kombinerer pop, rock og urban", ifølge presseskrivet.

Vassendgutane  Foto: Pressefoto.

Vassendgutane treng ingen nærmare presentasjon, skulle vi tru. I alle fall ikkje på heimebane.