Spør på kommunestyremøte

– Kommunen må få fleire lærlingplassar

– Ørsta kommune bør kunne tilby meir enn seksten lærlingplassar. Mange elevar i vidaregåande skule uroar seg over få lærlingplassar i kommunane.

Lærlingar: Tove Halse Digernes synest talet på lærlingplassar i Ørsta kommune er låg. 

Nyheiter

Det skriv kommunestyremedlem Tove Halse Digernes (Sp) i eit grunngjeve spørsmål til ordførar Stein Aam.

Ho ynskjer å få svar på fleire spørsmål knytt til kommunen sitt tilbod om lærlingplassar.

Halse Digernes viser til at Ørsta kommune er godkjend som lærebedrift, og tilbyr lærekontrakt eller opplæringskontrakt innanfor helsefagarbeidar, institusjonskokk og barne- og ungdomsarbeidar.

– Når eg les på Ørsta kommune si heimeside, ser eg at kommunen har 10 læreplassar til helsefagarbeidarar, fire læreplassar til barne- og ungdomsarbeidarar og to læreplassar til institusjonskokkar, skriv Halse Digernes.

Ho peikar på at Ørsta kommune har om lag tusen tilsette.

– Vi har tre institusjonar, heimebaserte tenester, sju kommunale barnehagar og sju barne- og ungdomsskular. Det er SFO på alle dei kommunale barneskulane i kommunen. I tillegg har vi ein privatskule og tre private barnehagar. Når Ørsta kommune tilbyr 16 lærlingplassar så høyrest det ut til å vere eit tal som er for lågt, seier Digernes.

Ho viser til at det dei seinare åra har vore satsa på å rekruttere til yrkesfaga, og fleire vidaregåande skular som tilbyr yrkesfag har opplevd å måtte auke tal på klasser på grunn av stor pågang.

– Det hjelp berre så lite å oppmode elevar om å søke yrkesfag når vi ikkje kan gi dei lærlingplass etter toårig skulegang. Kva gjer alle elevane som går institusjonskokk, barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar når dei ikkje får lærlingplass? Mange elevar i vidaregåande skule uroar seg over dette, kommenterer Halse Digernes.

Ho ynskjer svar på om det er korrekt at Ørsta kommune for 2020 har lyst ut totalt 3 lærlingplassar.

Vidare kva det er som gjer at kommunen ikkje har meir enn tolv lærlingplassar.

– Korleis kan ein gå fram for å få fleire lærlingplassar?, spør Halse Digernes vidare, og lurer på om Ørsta kommune har fleire eller færre lærlingplassar enn kommunar som Ørsta kan samanlikne seg med.