Trugande flod, men ingen rekord

Det var ei trugande høg flod som slo inn over fjordsystemet på Søre Sunnmøre ved midnatt måndag. Men rekord var det ikkje.
Nyheiter

Statens kartverk melder at det rundt midnatt måndag og natt til tysdag var ein vasstand på 2,96 meter. Det er 81 cm over varsla vasstand i tidevasstabellane, men åtte cm under den varslinga som gjekk ut måndag ettermiddag.