Ekstremveret "Elsa"

Varslar ekstremt høg vasstand

Kartet viser området med raudt farenivå.  Foto: Meteorologisk instititutt.

Nyheiter

Kommunen har motteke varsel om ekstremvêr. Det er meldt ekstremt høg vasstand, på raudt nivå i Møre og Romsdal, og faren er størst frå natt til tysdag 11. februar, opplyser Ørsta kommune på heimesidene sine.

Vasstanden er estimert å vere 80-100 cm over det normale. Høgast vasstand er venta om lag 23-02 om natta, og 11-14 tysdag.

Også i januar var det ein liknande situasjon, med svært høg vasstand. Varselet for dei komane dagane inneheld både høgare vasstand, noko sterkare vind og eit lågare trykk.

Konsekvens: Konsekvensen av ekstremveret er flaum mange stader og fare for større øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona.

Råd: Unngå ferdsle i strandsona. Vi oppmodar våre innbyggjarar om å sikre lause gjenstandar inne i naust og i strandsona, og vurdere om båten bør opp på land.

Kommunen har budd seg på varselet og har ekstra beredskap tilgjengeleg, opplyser dei.